mandag 28. september 2015

Transport og stad

Stad: 
Vinje kyrkje ligg i Vinje sokn i Hardanger og Voss prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1871. Kyrkja har langplan og 350 sitjeplassar.

Hefte Gard ligg idyllisk til om lag 15 minutt frå Voss sentrum, med nydeleg utsikt, badebasseng i hagen og kort veg til eit av dei mest populære badevatna i området. 

Transport: 
Tilkomst til Vinje kyrkje og deretter Hefte Gard er enklast med bruk av bil. Frå Voss til Vinje og frå Vinje til Hefte vil det bli satt opp ein felles buss for dei som har behov for dette (plass til 50 stk., kr. 50 per person). Dersom dette er aktuelt, vennligst gi beskjed til oss innan 15.04.15. 

Det vil ikkje bli satt opp noko transport etter festen frå Hefte. Me vil likevel prøve å organisere litt ift. taxi/minibuss. 

Frå Bergen til Vinje køyrer ein E16. Kyrkja ligg på venstre side etter rundkøyringa på Vinje. 


Frå Vinje til Hefte køyrer ein tilbake mot Voss på E16. Når ein kjem til Tvinnefossen, ta av til venstre mot Nedkvitne. Hefte gard ligg på venstre side etter om lag 1 km. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar